Heimeteneste

Vil du vere med og styrke våre ressursar mot eldreomsorg?

Sjukepleiar med meiransvar for OMS pluss - 100 % fast

Kort om stillinga

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som sjukepleiar frå snarast. Stillinga er 35,5 t/v i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Du vil få eit meiransvar for oppfylging av bebuarane våre som bur i 21 leilegheiter i omsorgsbustad pluss knytt til Manger heimeteneste. 

Du kan vel å binde deg i 2 år for kr 50.000,- utbetalt ved tiltrede.

Om Manger heimeteneste

Heimetenesta i Alver er delt inn i 7 geografiske områder der Manger heimeteneste er lokalisert sentralt på Manger. Avdelinga er samansett av sjukepleiarkompetanse, helsefagarbeidarkompetanse og assistentar. Avdelinga har ca 32 årsverk og gjev tenester til brukarar som bur på Radøy, og til bebuarar som bur i bustad med heildøgnstilbod (bustadene er og sentralt på Manger). Manger heimeteneste kan tilby eit godt og stimulerande arbeidsmiljø. Vi er ei avdeling i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester.

Omsorgsbustad pluss (OMS) har 21 leilegheiter og 25 bebuarar. 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar i eigne heim. Det er krav om at utførte tenester vert dokumentert i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.

Vi ønskjer no å styrke våre sjukepleieressursar i avdelinga og har soleis bruk for ein engasjert medarbeidar med interesse for eldreomsorg. Stillinga vil få meiransvar for oppfølging av bebuarane våre i omsorgsbustad pluss. Som sjukepleiar vil du bli ein viktig del av pasientoppfølginga ved OMS, og samhandlinga mellom bebuarane sine fastlegar, avdelingsleiar og driftskoordinator, alt med sikte på å gje brukarane best mogleg teneste.

Du vil arbeide i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Samstundes vert det rom for å setje av noko tid til å arbeide med vidareutviklinga av tenesta. 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Du er inspirerande og engasjert i faget. Du kan prioritere i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Vi ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Du er fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du er i tillegg løysingsorientert og fleksibel.  

Vi tilbyr

  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Dyktige kollegaer med høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Humor og humør
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • For eksterne søkjarar tilbyr vi for tida kr 10.000,- over minsteløn etter ansiennitet
  • Rekrutteringstilskot på kr 50.000,- mot to års bindingstid
  • Pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

Del på:

Referansenummer:

Manger ht

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

01.02.2023

Tiltreding:

snarast råd

Arbeidsstad:

Manger

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø

Kontorlokalisering: