Alver kommune - reinhald

Vil du å jobbe som reinhaldar i Alver kommune?

Open søknad / tilkallingsvikar - reinhald 2023

Her kan du registrere at du ønskjer å vere tilkallingsvikar på reinhaldsavdelinga i Alver kommune.  

Reinhaldsavdelinga

Vi har omlag åtti tilsette i reinhaldsavdelinga. Avdelinga vår  er organisert i tre soner med kvar sin driftsansvarleg med det daglege og faglege ansvaret for reinhald og vaskeritenesta i kommuen. Vi har ansvar for tre vaskeri ved institusjonar og ikkje mindre enn 120 000 m2 reinhaldsareal som er fordelt på omlag femti ulike bygg. Vi deltar og på ned- og utvask av kommunale bustader. 

Arbeidsoppgåver:

Hovudoppgåva som ringevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.

Vi har godt og moderne utstyr. Reinhald utfører vi etter INSTA 800, som er ein målbar standard på utført kvalitet. Standarden set krav til kvaliteten på utført arbeid, og vi har mange flinke reinhaldarar som dagleg arbeider for å oppretthalde denne standaren. 

Vilkår:

  • Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring
  • Det er ein fordel med sertifikat kl B 
  • Gyldig politiattest må leggast fram når du skal begynne å arbeid

Slik søker du

Trykk på knappen "send søknad".  Lykke til!

 

Del på:

Referansenummer:

Reinhald

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.12.2023

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Alver

Kontaktpersonar:

Ronny Hoff

tlf: +47 56 37 51 74

mob: +47 416 63 903

Adresse:

Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø

Kart: