Vi treng fleire dyktige folk på laget!
Helsefagarbeidar - 85 % vikariat
Kort om stillinga
Vi har ledig 85 % vikariat som helsefagarbeidar frå 14.02.23 - 14.11.23. Stillinga er i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Om Ostereidet heimeteneste
Ostereidet heimeteneste består av ei "ute" gruppe og ei "inne" gruppe. Utegruppa gjev tenester til brukarar i tilhøyrande geografisk område, medan innegruppa gjev tenester til bebuarar som bur i heildøgnsbemanna bustader på Ostertun som består av 28 leilegheiter. Personalet har fast turnus inne og ute, men må pårekne å jobbe der det er behov for kompetansen. Avdelinga har eit godt tverrfagleg team av fagansvarleg, driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.
Arbeidsoppgåver
Helsefagarbeidar i heimetenesta har arbeidsoppgåver som hjelp til personleg hygiene, påkledning, forflytning og måltider. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Som helsefagarbeidar kan ein få medisindelegering etter avtale.
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Autorisert helsefagarbeidar
- Førarkort klasse B
Ønskt kompetanse
Erfaring frå heimeteneste og/eller sjukeheim
Personlege eigenskaper
Vi ønskjer oss ein person som:
- trivst med å arbeide sjølvstendig
- har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- er løysingsorientert og fleksibel
- er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
- har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og variert utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Del på:
Referansenummer:
Ostereidet ht
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
02.02.2023
Tiltreding:
14.02.2023
Arbeidsstad:
Ostereidet
Kontaktpersonar:
mob: 45313513
Heimeside:
http://www.alver.kommune.noAdresse:
Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø