Psykisk helse og rus

Er du fagleg engasjert i psykisk helsearbeid?

Fagansvarleg - 100 % fast

Kort om stillinga

Alver kommune, psykisk helse og rus teneste- avdeling heimebuande gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga er delt i tre team – Tidleg innsats og livsmeistring, Oppfølgingsteam Psykisk helse og Oppfølgingsteam Rus og avhengigheit. Avdelinga gjev i hovudsak tilbod på dagtid, men ettermiddag/ kveld må påreknast.

Hovudoppgåva for tenesta er psykisk helse og rusarbeid til unge og vaksne som har, eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusproblem. Tilbodet vert gitt som individuell oppfølging, gruppetilbod og arbeids- og aktivitetstilbod.

Meistring, brukarmedverknad og recovery er sentrale perspektiv i arbeidet.

Vi har nå ein ledig stilling som fagansvarleg for Oppfølgingsteam Psykisk helse.

Arbeidsoppgåver

  • Som fagansvarleg skal du være pådrivar for fagleg utvikling og forbetring for teamet og avdelinga
  • Noko delegert personalansvar
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, utviklingsarbeid og teamarbeid
  • Jobbe aktivt for eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Delta i kvalitetsutviklinga av tenesta, og bidra til at målsettingar innan tenesta vert nådd
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar om eit heilskapleg tenestetilbod
  • Individuell oppfølging av brukarar og pårørande gjennom  kartlegging av ressursar og behov, støtte- og motivasjonssamtaler
  • Leggje til rette for aktivitet og for at brukar skal kunne meistre eigen kvardag
  • Koordinere ansvarsgrupper og individuell plan

Kompetansekrav

  • Minimum 3 årig høgskule-/ universitetsutdanning innan helse- eller sosialfag
  • Videreutdanning innen psykisk helsearbeid, psykisk helse og rusarbeid eller anna relevant vidare utd. er eit krav
  • Kompetanse og erfaring med rettleiing
  • Erfaring frå arbeid med psykisk helse i minimum 3-5 år
  • Sertifikat kl. B

Ønskt kompetanse

  • Erfaring med leiing

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:

  • har erfaring, interesse og engasjement for arbeid innan fagfeltet
  • er god på struktur, kommunikasjon, samarbeid og samhandling
  • har evne til å engasjere og inspirere menneske rundt deg

Du er glad i å jobbe i team, samt trivst med sjølvstendig arbeid. Som fagansvarleg er du tålmodig og god til å motivere andre. Du har evne til å sjå ressursar hjå den einskillde, og er oppteken av å legge til rette for brukarmedverknad. I tillegg er du fleksibel og har evne til å sjå moglegheiter og tenkje løysingar, samt til å prioritere i daglege oppgåver.

Personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Medverknad i utvikling av tenestene innan området psykisk helse og rus
  • Teamarbeid i eit fagleg engasjerande, utfordrande og godt arbeidsmiljø
  • Rettleiing
  • Løn etter avtale

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

Del på:

Referansenummer:

phr

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

23.01.2023

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Alver

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø

Kontorlokalisering: