Lindås barneskule

Vil du vere rektor i Alver?

Rektor - 100% fast

Kort om stillinga

Vi søkjer etter ein systematisk og utviklingsretta rektor. Er du opptatt av å setje spor for elevane og medarbeidarne dine og bidra til vidareutviklinga av skulane i Alver? Då er dette jobben for deg!

Lindås Barneskule har ledig 100 % fast stilling som rektor frå 01.03.2023 og treng deg med på laget!

Det blir viktig at ny rektor har stort fokus på samarbeid og personalleiing, å etablere gode organisastoriske system og å vidareutvikle profesjonsfellesskapet på skulen.

I Alver kommune har rektor eit heilskapleg ansvar for innhald og drift ved skulen. Rektor skal vere pådrivar i arbeidet med skulen som organisasjon, profesjonelt læringsfellesskap og som ein inkluderande arbeidsplass. Du deltek i fast samarbeid med andre skuleleiarar i kommunen og rapporterer direkte till tenesteleiar for skule.

 

Om Lindås barneskule
Med vakker fjordutsikt og flott beliggenhet ligger Lindås barneskule nord i Alver kommune.

Skulen har for tida 222 elevar på 7 trinn og 12 klassar. På skulen arbeidar det 22 pedagogar i tillegg til fagarbeidarar, SFO-medarbeidarar og konsulent. Det er et kompetent og engasjert personale med fokus på godt samhald i heile organisasjonen.
Leiarteamet består av rektor, 2 inspektørar og SFO leiar.

Skuleanlegget er oppgradert i fleire omgangar og framstår i dag som moderne, driftssikkert og funskjonelt.

Arbeidsoppgåver
Alver kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår: "Trygge barn som deltar, meistrar og lærer."

Som rektor skal du også:
• Utvikle skulen som ein lærande organisasjon med profesjonelle læringsfellesskap
• Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
• Forvaltning og kvalitetsutvikling.
• Økonomistyring og resultatkontroll.
• Samspel med elever, foreldre og nærmiljø.
• Tverrfagleg samarbeid om barn og unge si oppvekst.

Kompetanse
• Opplæringslova sine krav om fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må være oppfylt.
• Utdanning i skuleleiing er ønskjeleg.
• God system- og rolleforståing
• Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
• Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanar
• Erfaring som leiar frå skule, fortrinnsvis som rektor.
• Ønskeleg med undervisningserfaring frå grunnskolen
• God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene
• Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk og personalleiing

Administrasjonsspråket i Alver er nynorsk

Personlege eigenskapar
• Vi ser etter ein lærande og engasjerande leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
• Evne til å være tydeleg og synleg i møte med elever, ansatte og foreldre.
• Du har gode samarbeidsevner, og er løysningsorientert
• Evne til å jobbe strategisk og langsiktig med gjennomføringskraft innan blant annet LK20 og inkluderande skulemiljø.
• Kunne motivere og inspirere elever og ansatte. Relasjonsbyggjar.
• Systemretta
• Personleg eigna vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr
• Eit fagleg dyktig kollegium.
• Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
• Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
• Mentorordning
• Leiaropplæring
• Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
• Gode pensjons- og forsikringsordningar

Politiattest
Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltreding.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

Del på:

Referansenummer:

Lindås barneskule

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.01.2023

Tiltreding:

01.03.2023

Arbeidsstad:

Lindås barneskule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø

Kontorlokalisering: