NAV Alver

Har du fagbrev innan kontor og administrasjon?

Kontorfagarbeidar 100% - engasjement

Kort om stillinga

Vi har no ledig eit 2 års engasjement som kontorfagarbeidar i 100% stilling. NAV Alver er ein bidragsytar for å utjamne sosiale forskjellar i samfunnet. Vi server ein kommune med ca 30 000 innbyggjarar. Kontorfaglege i NAV har ein avgjerande rolle i å halde oversikt, effektiv saksflyt og god internkontroll. Vil du være med å bidra til gode tenester for innbyggjarane våre i eit godt arbeidsmiljø, og er utdanna kontorfagarbeidar? Søk gjerne.

 Om NAV

NAV Alver er ein arbeidsplass med ca 70 ansatte. Stillinga er knytt til avdeling Service og Velferd mens arbeidsoppgåver knytt til kontorfaget gjeld for heile NAV kontoret.

 Arbeidsoppgåver

  • Ha god oversikt på fagsystem i NAV
  • Handtere brukaradministrative oppgåver som utbetalingar, post inn/ut, scanning m.m
  • Jobbe etter etablerte rutiner og bidra til å utvikle fagområdet
  • Handtere kontorfaglege oppgåver bla bestillingar, arrangement, ajourhalde ulike oversikter og register
  • Diverse administrativt arbeid
  • Støtte til andre tilsette vedrørande administrative oppgåver og verktøy
  • Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga

Kompetansekrav

  •  Fagbrev innan kontor og administrasjon
  •  Interesse for digital arbeidskvardag, evne til å setje seg inn i fleire fagsystemer og kunnskap om ulike officeprogram
  •  Arkivfagleg kompetanse
  •  God samhandlings og formidlingsevne både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig
  • Trivst i sjølvstendig arbeid
  • Arbeider systematisk, effektivt og målretta
  • Fleksibel

Vi tilbyr

  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldane lov og avtaleverk

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.01.2023

Tiltreding:

Snarast mogleg

Arbeidsstad:

Knarvik

Kontaktpersonar:

Susanne Gjelsvik

mob: +47 41340498

Heimeside:

http://www.nav.no

Adresse:

Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø

Kontorlokalisering: