Alver kommune Sjukeheimar

Vi søkjer fagleg trygg sjukepleiar til stilling på natt

Sjukepleiar 80% fast natt, Meland sjukeheim

Kort om stillinga

Vi søkjer no etter ein sjukepleiar til fast 80 % stilling på natt ved Meland sjukeheim, med arbeid kvar 3. helg. 

Om Meland sjukeheim og Solkroken

Meland sjukeheim ligg sentralt til på Frekhaug, og er lett tilgjengelig med buss og bil. Meland Sjukeheim har satt nokre sentrale verdier som vi har som utgangspunkt for alle typar arbeidsoppgåver vi gjer: Respekt, tillit og livsglede. Visjonen vår er «Omsorg med kompetanse og livsglede». Meland sjukeheim har eige institusjonskjøkken. Vi har tre avdelingar på sjukeheimen:

  • Lerketunet er ei avdeling for personer med demens sjukdom og  det er 12 pasienter som bur fast på Lerketunet.
  • Nordgardstunet er ei somatisk langtidsavdeling med 22 pasienter.
  • Solkroken er ei korttids og rehabiliteringsavdeling med plass til 11 pasienter.

Vi har eigne nattevakter som rullerer mellom alle avdelingane. Stillinga er organisert under Solkroken.

På Meland sjukeheim har vi god fagkompetanse og vi har tilsette med vidareutdanning innan ulike felt. Vi samarbeider på tvers av ulike yrkesgrupper og det er faste sjukeheimslegar ved institusjonen.

Meland Sjukeheim arbeider med å styrkja kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus  og heiltidskultur.  Vidare gjev arbeid med årsturnus høve til å påverka eigen ferie og  fritid. Ein har då moglegheit til å planlegge arbeid og fritid i eit år fram i tid. Erfaringar med planlegging av arbeid og fritid i årsplan er positive.

Arbeidsoppgåver

  • Sørge for trygg og god sjukepleie til pasientar i ulike situasjonar, bidra til at pasientane får ei god natts søvn.
  • Innføring i Pasientsikkerhetsprogrammet der vi nyttar NEWS.
  • Administrere medisinar.
  • Forebygge sengeleiets komplikasjonar. Tilsyn og dokumentasjon. Vi bruker Profil til pasientdokumentasjon.

Kompetanse

  • Autorisert sjukepleiar
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå eldreomsorg
  • Gode norsk kunnskap, skriftleg og munnleg
  • Erfaring, samarbeidsevner og personlege eigenskapar vert vektlagt

Kven er du?

Vi søkjer ein sjukepleiar som har god fagleg kompetanse, og ei genuin interesse for å arbeide i eldreomsorgen. Som sjukepleier på vakt er det viktig at du yt forsvarleg teneste til pasientane, både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Å vere nattevakt på Meland Sjukeheim kan by på varierande oppgåver,og du bør derfor være trygg i faget, og kunne ta sjølvstendige avgjersler. Det er også viktig å kunne bruke kompetansen til andre faggrupper.

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver og godt samarbeid med kollegaer
  • Rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltrede
  • Sjukepleiar på natt har også kr 18.000,- i tillegg pr år i 100 % stilling
  • Sjukepleiare i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,- over garantiløn etter Hovudtariffavtalen
  • Faste nattevaktsmøter med avdelingsleiar
  • Moglegheit for kurs og fagleg påfyll (eksempelvis demens, palliasjon)
  • Lønn - og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtalever
  • Årsturnus med moglegheit for å påvirke eigen ferie og fritid

 

Slik søkjer du

Høyres dette interessant ut? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi oppfordrar deg til å fylle ut utdanning og erfaring i søknadsprosessen din, slik at vi får best muleg informasjon om deg. 

 

Del på:

Referansenummer:

Solkroken

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt

Søknadsfrist:

10.02.2023

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Frekhaug

Adresse:

Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø

Kontorlokalisering: