Heimeteneste

Vil du ha ei helgestilling i heimetenesta?

Helsefagarbeidar - 17 % fast

Kort om stillinga

Vi har ledig fast helgestilling som helsefagarbeidar på 17 % med arbeid kvar 3. helg, fredag-sundag.

Om Frekhaug heimeteneste

Heimetenesta avdeling Frekhaug har to kontor; på Frekhaug og på Vikebø. Stillinga er knytt mot kontoret på Frekhaug. Det er 60 tilsette i avdelinga. I avdelinga arbeidar det sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi gjev tenester til personar busett på Flatøy og Holsnøy.

Arbeidsoppgåver

Den som arbeider i helgestilling i heimetenesta kan ha arbeidsoppgåver som hjelp til personleg hygiene, påkledning, forflytning og måltider. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. 

Kompetanse

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Førarkort klasse B er eit krav

Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss deg som:

  • trivst med å arbeide sjølvstendig
  • har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • er løysingsorientert og fleksibel
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

Del på:

Referansenummer:

Frekhaug ht

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

30.01.2023

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Frekhaug

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø

Kontorlokalisering: