Heimeteneste

Har du engasjement for eldreomsorg?

Sjukepleiar - 100 % fast

Kort om stillinga

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3. helg.  

Om Ostereidet heimeteneste

Avdeling Ostereidet har base på Ostereidet og gjev tenester til brukarar i "Indre Osterfjorden", både i heimen og på Ostertun som er omsorgsbustad pluss beståande av 28 leilegheiter. Oppmøteplass er på Ostertunet.

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim og i omsorgbustad pluss. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeider tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisert sjukepleiar
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein person som:

  • trivst med å arbeide sjølvstendig
  • har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • er løysningsorientert og fleksibel
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Del på:

Referansenummer:

Ostereidet ht

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

30.01.2023

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Ostereidet

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø

Kontorlokalisering: