Psykisk helse og rus

Vil du vere ferievikar innan psykisk helse og rus?

Ferievikar 2023

Kort om stillinga

Alver kommune søkjer etter ferievikarar til tenesteområdet psykisk helse og rus. Det vil vere størst behov i perioden veke 25-33. 

Vi ser etter søkjarar som har eller er under helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller helsefagutdanning med erfaring frå tilsvarande arbeid. Søkjarar med anna bakgrunn er òg aktuelle.

Aktuelle avdelingar

Radøy interkommunale busenter og Røsvikdalen omsorgbustad pluss - avdelingsleiar Marianne Rikstad 

Skrenten omsorgsbustad pluss, Krossleitet omsorgsbustad pluss og Hovden omsorgsbustad pluss - avdelingsleiar Marita Årseth 

Storbruhaugen omsorgsbustad pluss - personalansvarleg Silje Antoniazzi, avdelingsleiar Marita Årseth

Kompetanse

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller tilsvarande
  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, eller bachelor i helse- og sosialfag
  • Bachelorstudentar innan sjukepleie, vernepleie eller anna helse- og/eller sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Sertifikat klasse B

Andre med erfaring eller ønskje om erfaring kan og søkje.

Personlege eigenskapar

Du trivst med å arbeide med menneske, har engasjement og innsikt i fagfeltet psykisk helse og rus. Du er trygg i deg sjølv og i møte med andre. Vidare jobbar du godt i team, er tillitsskapande og merksam mot kollegaer og tenestemottakarar. Du har relevant erfaring, studier eller skulegang. Det vert lagt avgjerande vekt på personleg eignaheit til arbeid mot målgruppa. Du må vere påliteleg og fleksibel. 

Vi har behov for vikarar som kan arbeide:

  • Døgnturnus
  • Langvaktturnus
  • Nattevakter (Radøy Interkommunale Busenter og Skrenten omsorgsbustad pluss)
  • Kortvakter/dag-kveld (Skrenten omsorgsbustad pluss og Røsvikdalen omsorgsbustad pluss)

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffavtale
God pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.

Slik søkjer du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Del på:

Referansenummer:

PHR

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

16.02.2023

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Alver

Adresse:

Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø

Kontorlokalisering: