Alver kommune

Vil du vere ferievikar i heimetenesta?

Ferievikar 2023 - Heimetenesta

Kort om stillinga

Alver kommune søkjer etter ferievikarar til heimetenesta. Det vil vere størst behov i perioden veke 25-33. 
Vi ser etter søkjarar som har erfaring frå tilsvarande arbeid eller som er i utdanning innan helsefag. Søkjarar med anna bakgrunn er òg aktuelle.
For arbeid innan heimetenesta bør ein ha førarkort klasse B.

Aktuelle avdelingar

Manger - avdelingsleiar Johnny Brattetaule

Frekhaug - avdelingsleiar Karin Bech

Knarvik Sør/Vest - avdelingsleiar Sølvi Ulvund

Knarvik Nord/Aust - avdelingsleiar Vanja Køhne

Alversund/Seim - avdelingsleiar Vibeke Løtvedt

Lindås - avdelingsleiar Liv Marit Hope

Ostereidet - avdelingsleiar Katrine Kleppe

Dagsenter - tenesteleiar Benthe Helland + fagansvarleg Ida Helene Seljelid

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim og i omsorgsbustad. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Dei siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.

Kompetanse

Autorisasjon som helsefagarbeidar eller tilsvarande
Autorisasjon som sjukepleiar
Sjukepleiarstudentar
Pleiemedhjelpar/assistent med interesse for fagfeltet

Andre med erfaring eller ønskje om erfaring kan og søkje

Du har gjerne relevant erfaring, studier eller skulegang
Evne til sjølvstendig arbeid og samarbeid, gode personlege eigenskapar vert tillagt vekt.

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffavtale
God pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helsepersonellova §5-4 vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.

Slik søkjer du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Del på:

Referansenummer:

ht

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

16.02.2023

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Alver

Adresse:

Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø

Kontorlokalisering: