Nordhordland legevakt

Vil du arbeide på legevakten i sommar?

Ferievikar 2023 - Nordhordland legevakt

Kort om stillinga

Vi er på jakt etter sommervikarer til Nordhordland legevakt. Opplæring blir gitt i forkant av oppstart. Vi har behov for ferievikarer i veke 26-32, og treng ferievikar både på nattevakt og i vanleg todelt turnus. 

Nordhordland legevakt er ei interkommunal legevakt for 7 medlemskommunar (Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy). Legevakta ligg sentralt i Knarvik og er ein flott arbeidsplass i nytt helsehus. Legevakta er organisert etter vertskommunemodell med Alver kommune som vertskommune. Befolkninga i vårt område utgjer ca. 46 000 innbyggjarar. Næraste sjukehus er Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland universitetsykehus

Arbeidsoppgåver på

  • Laboratorium
  • Legevakt

Kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Medisinstudentar ferdig med 3.året (6. semester)
  • Sjukepleiarstudent ferdig med 2. året (4. semester)

Vår forventningar til deg

Du har interesse for legevaktsarbeid, har gode samarbeidsevner og liker hektiske vakter.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø i nye lokalar
  • Lønn og tilsetjingsvilår etter lov- og avtaleverk

Politiattest

I tråd med helse -og omsorgstenestelova §5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Del på:

Referansenummer:

NHLV

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

16.02.2023

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Knarvik

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kvassnesvegen 40 5914 Isdalstø

Kontorlokalisering: