
Vi søkjer fast medarbeidar til stilling som koordinator av utstyrssentralane i Alver
Koordinator 100% BUA Alver
Kort om stillinga
Vi har ledig 100% stilling som leiar for utstyrssentralane i Alver (BUA). Arbeidsstad vil vere både på Manger og Frekhaug, og ein må pårekna noko arbeid på kveld og helg, og i skuleferiar.
Om avdelinga
Kulturutvikling, idrett og frivilligheit har ansvar for mellom anna idrett, friluftsliv, scene, kunst, musikk, kulturarv, tilskotsordningar, kulturbygg og frivilligheit.
BUA er organisert med to lokasjonar, Manger og Frekhaug, og samarbeider særleg tett med Frivilligsentralane i Alver.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift og utvikling av utstyrssentralane
- Utvikle nye tilbod, aktivitetar og satellittar, og jobbe fram ei større geografisk og innhaldsmessig dekning i Alver
- Sikre innkjøp, kvalitetssikring, utlån og vedlikehald av utstyr
- Koordinere med t.d. skular, barnehagar, idrettslag og næringsliv
- Oppfølging, rekruttering og motivering av frivillige
- Markedsføring og synleggjering
Kompetanse
Du har er relevant universitet eller høgskuleutdanning, dersom du har relevant erfaring kan det kompensere for relevant utdanning
Førarkort kl. B
Våre forventningar til deg
- Evne til å lede og motivera frivillige medarbeidarar
- Gode kommunikasjons og samarbeidsevner, og evne til å involvere andre aktører i tilbodet
- Initiativrik, sjølvgåande og planmessig
- Gode data- og systemkunnskapar, engasjement for prosjektarbeid og utvikling
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Det er ønskjeleg med personleg erfaring frå sport og/eller friluftsaktivitet, samt kjennskap til utstyr
- Kunnskap om vedlikehald av idretts- og friluftslivsutstyr
- Erfaring frå drift av utstyrssentralar eller lignande
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og spanande stilling, for heile Alver kommune
- Hyggelege, kompetente og engasjerte arbeidskollegaar
- Høve til å vere med å utvikle kulturtenestene og idrettstilboda i Alver kommune
- Sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Løn- og tilsetjingsvilkår etter lov - og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
Det krevjast tilfredsstillande politiattest ved tiltredelse i tråd med Politiregisterforskrifta §34-12, Fritidsklubb og barne/ungdomsleir.
Slik søker du
Høyrest dette interessant ut for deg? Send oss ein søknad gjennom rekrutteringssystemet vårt, EasyCruit. Fortel oss kort om motivasjonen din for å søkje stillinga og fyll ut CV, slik at vi får ei oversikt over din bakgrunn.
Bli kjent med Alver kommune
Del på:
Referansenummer:
Kultur
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
05.02.2023
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Manger og Frekhaug
Kontaktpersonar:
Eirik Bouwer Utne
Heimeside:
http://www.alver.kommune.noAdresse:
Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø