
Ynskjer du å vera ringjevikar hos oss?
Open søknad - psykisk helse og rus
Kort om stillinga
Dersom du ynskjer å vera ringjevikar ved habiliteringstenester i Alver kommune har me lyst å høyra frå deg!
Som ringevikar kan me tilby vakter/arbeid ved fråvær grunna sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for mellombels arbeidskraft. Me er spesielt interssert i søkjarar med helsefagleg bakgrunn eller studentar innan helsefag men andre kan også søkje. For nokon stillingar må du ha førarkort.
Tilkallingsvikarar har ikkje rett på å bli tilbudd arbeid eller plikt til å ta på seg tilbudd arbeid.
Du må i tillegg følgje med på nettet og søkje konkrete stillingar som er lyst ut dersom du er interessert i spesielle stillingar med fast arbeidstid og tenestestad.
Dersom du ikkje høyrer noko etter å ha levert søknad sit me pris på om du tek kontakt med den aktuelle avdeling du kan tenkja deg å arbeida ved - det er alltid kjekt med ein hyggeleg telefonsamtale:
Aktuelle avdelinger
Radøy interkommunale busenter og Røsvikdalen omsorgbustad pluss - konstituert avdelingsleiar Marianne Ramsvik Rikstad
Skrenten omsorgsbustad pluss, Hovden omsorgsbustad pluss og Krossleitet omsorgsbustad pluss - avdelingsleiar Marita Årseth
Storbruhaugen omsorgsbustad pluss - fagansvarleg Silje Antoniazzi
Kven er du?
Du trivst med å arbeide med menneskjer og har engasjement for fagfeltet. Du er trygg i deg sjølv og i møte med andre. Du jobbar godt i team. Det vert lagt avgjerande vekt på personlege eignaheit oppimot målgruppa.
Me har behov for vikarar som kan arbeide:
- Medlevarturnus
- Langvaktturnus
- Nattevakter
- Kortvakter/dag-kveld
Me kan tilby
Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Løn etter gjeldande tariffavtale.
Politiattest
I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om godkjend politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bli kjent med Alver kommune
Del på:
Referansenummer:
PHR
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
31.12.2023
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Heile Alver kommune
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.alver.kommune.noAdresse:
Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø