Sjukeheim

Ønskjer du fast helgestilling i sjukeheimstenesta?

Helsefagarbeider eller assistent til fast helgestilling ved Meland sjukeheim

Kort om stillinga

Vi har ledig tre faste helgestillingar som helsefagarbeidar/pleiemedhjelpar på Meland sjukeheim.

  • Ei stilling er på avdeling Lerketunet med arbeid kvar 3. helg. Stillinga er på 18 %
  • Ei stilling er på avdeling Lerketunet med helgearbeid tilsvarande 10 %
  • Ei stilling er på avdeling Nordgardstunet med arbeid kvar 4. helg. Stillinga er på 19 %

Om Meland sjukeheim og avdeling Nordgardstunet

Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliterings behov. Vår visjon er : Omsorg med livsglede og kompetanse. 

Lerketunet er eit bukollektiv for 12 personar som lever med demens. Vi er opptatt av å ha eit godt fagleg tilbod til dei som bur på Lerketunet. Vi legg vekt på god fagleg kompetanse, samarbeidsevner, interesse for miljøarbeid og demensomsorg. Som helsefagarbeidar er du med og gir bebuarane omsorg med livsglede og kompetanse. Ein viktig del av arbeidet er å skapa eit triveleg miljø for pasientane, dei pårørande og medarbeidarar.

Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Vi har eit breiare syn på palliasjon og er opptatta av kva vi kan gjere for at pasientane som er hos oss skal ha det godt dei siste vekene, månadene eller åra av livet når dei bur på Nordgardstunet. Du vil få faglege utfordringar med koplekse sjukdomsbilde, og vi ønskjer gjerne at du skal ha brei sjukefagleg kompetanse/erfaring. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar.

Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur. Vidare gjev arbeid med årsturnus høve til å påverka eigen ferie og fritid.

Arbeidsoppgåver

  • Omsorgsfull og fagle forsvarleg pleie etter gjeldande lovverk og interne rutinar
  • Sikre gode tenester til pasientane
  • Jobbe aktivt for at pasientane får utnytta sine egne ressurser i ADL
  • Samarbeid med pårørande

Kven er du?

  • Det er ønskjeleg om du har erfaring frå arbeid i sjukeheim eller anna omsorgsarbeid. Dersom du er helsefagarbeidar vil dette være eit føremon. 
  • Vi ser og særleg etter deg som er under helsefagleg utdanning, eller har ambisjonar om å gjere dette i framtida.
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom å ha fagleg fokus, er løysingsorientert og fleksibel.
  • Det er krav om at du har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. 

Vi tilbyr

  • Opplæring i aktuelle arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Pensjonsordning gjennom KLP
  • Sjukepleiarstudenter og vernepleiestudentar får studentlønn

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Del på:

Referansenummer:

Meland sjukeheim

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

10.06.2023

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Frekhaug

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø

Kart: