
Vil du vere med å administrere og forvalte i Alver?
Konsulent - 100% mellombels - Teknisk forvaltning og drift stab
Kort om stillinga
Vi har ledig ein mellombels stilling i 100% som Konsulent i avdeling Teknisk Forvaltning og Drift stab med oppstart så snart som mogleg og ut 2023.
Om Teknisk Forvaltning og Drift stab
TFD stab er ein del av sektoren Teknisk forvaltning og drift, og avdelinga har 7 tilsette. Sektor Teknisk for valtning og drift har i tillegg til stabsavdelinga tenesteområdene Eigedomsforvaltning og Arealforvaltning og Drift & Vedlikehald. Vi har arbeidsplassen vår i trivelege kontorlokale på kommunehuset på Frekhaug.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene på stab er mellom anna:
- Innsynskrav etter offentlegheitslova
- utfakturering av ulike saksbehandlingsgebyr
- behandling av inngåande faktura for heile sektoren
- administrasjon og utfakturering av kommunale gebyr til innbyggjarar
- forsikringar av bygg og eigedomar
- oppgåver knytt til bilhaldet på sektoren
- behandling av søknader om tilknyting til offentleg vatn og avlaup
- Deltaking i å utvikle gode rutinar på fagområda våre
Me søkjer deg som
- Har erfaring frå administrative oppgåver i kommunal sektor
- Har kjennskap til saks og arkiv system
- Har erfaring med kundebehandling er ein fordel
- Du er sjølvstendig, men trivs med samarbeid og vil vere ein god lagspelar for kollegaer og leiarar
- Du er strukturert, systematisk, nøyaktig og faktasøkjande
- Du er ansvarsbevisst og serviceinnstilt, og taklar litt hektiske periodar innimellom
- Du er positiv, har godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du bidrar til at innbyggjarane vert godt ivaretekne ved kontakt med oss
Vi tilbyr
- Utfordrande, meinigsfulle, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og kompetente kollegaer
- Gode pensjon- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Lønn og tilsetjingvilkår etter lov- og avtaleverk
- Fleksitid
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Del på:
Referansenummer:
Teknisk forv stab
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
07.06.2023
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Frekhaug
Heimeside:
http://www.alver.kommune.noAdresse:
Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø