Lindås ungdomsskule

Vil du vere med å utvikle skulen vår?

Undervisningsleiar - 100% fast

Stilling

Ved Lindås ungdomsskule er det frå 01.08.2023 ledig 100% stilling som undervisningsleiar.

Som undervisningsleiar er du ein del av skulen sitt leiarteam som består av rektor og to undervisningsleiarar.

Til stillinga ligg det 40% leiing og 60% undervisning, fordelinga kan bli endra ut frå skulen sine behov.

Om Lindås ungdomsskule

Lindås ungdomsskule ligg nydeleg plassert midt i Lindås bygda med utsikt over Lindås osane.

Skulen har om lag 154 elevar og 20 tilsette.

Skulen er ein MOT skule og vår visjonen er: Meistring gjennom læring, samspel og mot

Skulen har ei lang skulehistorie, og til hausten skal vi feire 60 år som ungdomsskule.

Vårt hovudfokus er trivsel og ein trygg og god skulekvardag for alle.  Våre satsingsområde er lesing i alle fag, undervegs vurdering utan karakter og elevmedverknad. Vi utviklar organisasjonen vår i fellesskap med refleksjonar rundt vår praksis.

Arbeidsoppgåver

Du vil ha hovudansvar for eit av skulen sine trinnteam. Det vil seie at du, saman med rektor, skal leie dei utviklingsprosessane teamet til ei kvar tid jobbar med, i tillegg til å sikre den daglege drifta på trinnet. Du vil delta i skulens leiarteam og utviklingsgruppe.

Andre leiaroppgåver vil bli fordelt mellom rektor og undervisningsleiarane etter kompetanse og ønskje. Undervisningsleiarane på skulen har ansvar for fråværsoppfølging etter turnus.

 

 Kompetansekrav

Søkjarar må ha relevant pedagogisk utdanning og arbeidserfaring frå ungdomsskule. Vi vil også legge vekt på relevant leiarutdanning og/eller erfaring.

God dugleik i norsk, både skriftleg og munnleg.

Ønska kompetansekrav

Vi søkjer etter ein undervisningsleiar med god relasjonell kompetanse. Du må ha eit positivt elev – og læringssyn. Vi ynskjer oss ein person som viser sjølvstende, som er løysningsorientert og har særs gode samarbeidsevner og arbeidskapasitet.

Du må være opptatt av god personalleiing, og vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø. Du må være tydeleg i din kommunikasjon mot elevar, føresette og medarbeidarar. Du er opptatt av å utvikle skulens praksis i samsvar med LK20.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
  • Eit raust kollegiet som inkluderer
  • Oppfølging av deg som nytilsett
  • Ein spennande jobb med fokus på utvikling
  • Eit leiarteam der elevanes trivsel og læring er i fokus
  • Relevant vidareutdanning.
  • Løn etter avtaleverket.
  • Alver kommune er ein IA – bedrift

Politiattest

Ved tilsetjing må søkjar kunne framvise politiattest av nyare dato, dette i samsvar med opplæringslova.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

Del på:

Referansenummer:

Lindås ungdomsskule

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

11.06.2023

Tiltreding:

01.08.2023

Arbeidsstad:

Lindås ungdomsskule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø

Kart: