
Er du ein vernepleiar som brenn for tenestene?
Vernepleiar - 100% fast - Stallanemarka burettslag
Om Habiliteringstenester i Alver kommune
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personer med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gjeve som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ved ulike former for avlastning med born/unge med omfattande behov for omsorg. Under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for individuell plan.
Om Stallanemarka burettslag
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som vernepleiar i todelt turnus med arbeid i snitt kvar 4. helg. Stallanemarka burettslag ligg sentralt til, like ved Knarvik senter med gode bussforbindelser. Det er bustaden til 10 personar med ulike bistandsbehov. Stallanemarka er ein god stad å vere ny, og den tilsette blir teke godt imot. Arbeidsmiljøet er prega av sterkt engasjement for bebuargruppa og eit godt humør. Det er ein erfaren og kompetent personalgruppe, som består av fleire fagarbeidarar og miljøterapeuter. Målet vårt er å skape tryggleik, gje tenester av høg fagleg og etisk kvalitet, og gje personane gode opplevingar.
Arbeidsoppgåver
Vernepleiar ved Stallanemarka burettslag skal delta i tenesteytinga, og vere pådrivarar for kvalitetsutvikling og kontinuerlig forbetring av tenestene. Vernepleiar har ansvar for oppfølging av helsetenester og miljøtiltak, samt godt samarbeid med pårørande/verje. Ei sentral oppgåve vil vere utvikling og oppdatering av mål, planar og tiltak, opplæring og rettleiing av kollegaer, samt tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktører. Som vernepleiar vil du vere primærkontakt for ein eller fleire brukarar, herunder kontakt med familie, koordinering eller deltakelse i ansvargrupper, utarbeiding av konkrete handlingsplanar og tiltak i henhold til mål for bebuarane.
Kompetansekrav
- Offentleg godkjend vernepleiar
Ønska kompetanse
- Erfaring med systematisk og målretta arbeid
- Førarkort kl B
- Gode datakunnskapar
Det er eit føremon med erfaring frå arbeid med målgruppa
Kven søkjer vi?
Vi ser etter ein god kollega som bidrar til positiv arbeidskultur og godt arbeidsmiljø. Du har eit positvt menneskesyn, godt humør, høg etisk bevissthet og evne til kritisk refleksjon. Med ditt faglege engasjement har du eit ønske om å bidra med din fagutdanning inn i arbeidsfellesskapet, og kan dele raust av kunnskap og erfaringar. I ein travel kvardag kan du evne og prioritere og du har gode samarbeidsevner.
I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag med interessante faglege utfordringar
- Eit godt arbeidsmiljø og ein inkluderande arbeidsplass
- Personleg og fagleg utvikling
- Fagleg kursing
- Lønn- og tilsetjingsvilkår etter lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Bli kjent med Alver kommune
Del på:
Referansenummer:
Stallanemarka
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
10.06.2023
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Knarvik
Kontaktpersonar:
Åge Johnsen
mob: 47318538
Heimeside:
http://www.alver.kommune.noAdresse:
Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø