Heimeteneste

Likar du å arbeide sjølvstendig? Då er kanskje heimetenesta rette arbeidsplassen for deg!

Assistent - 100 % fast

Kort om stillinga

Vi har ledig 100 % stilling som assistent/heimehjelp frå 01.07.2023 i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Om Frekhaug heimeteneste

Heimetenesta Frekhaug har to kontor; eit på Frekhaug og eit på Vikebø. Avdelinga har om lag 60 tilsette. Vi gjev tenester til personer som bur på Holsnøy og Flatøy. 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar mellom anna om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbiedet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Som assistent vil arbeidsoppgåver mellom anna vere hjelp til personleg hygiene, måltider og reinhald. 

Kompetansekrav

  • Førarkort klasse B

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå arbeid på sjukeheim eller i heimeteneste

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er inspirerande og engasjert. Du kan prioritere i ein travel kvardag, men samstundes skape arbeidsglede når kvardagen vert hektisk. Som assistent er du løysingsorientert, påliteleg og fleksibel. Du har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø. I tillegg er du lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du evner å arbeide sjølvstendig, samt i team.

Vi tilbyr

  • Ein aktiv kvardag med amnge spennande og varierte utfordringar
  • Dyktige kollegaer med høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning
  • Humor og humør
  • Årsturnus

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

Del på:

Referansenummer:

Frekhaug ht

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

08.06.2023

Tiltreding:

01.07.2023

Arbeidsstad:

Frekhaug

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø

Kart: