Vil du bli vår nye kollega?
Helsefagarbeidar - 100 % fast
Kort om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar frå 01.07.2023. Avdelinga har årsturnus og ein jobbar i todelt turnus med om lag 16 helger (i snitt kvar 3. helg) i løpet av året.
Om Frekhaug heimeteneste
Avdeling Frekhaug har kontor både på Vikebø og på Frekhaug. Avdelinga har om lag 60 tilsette og vi gjev tenester til personar som bur på Holsnøy og Flatøy.
Arbeidsoppgåver
Heimentenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Arbeidsoppgåvene til helsefagarbeidarar består mellom anna i oppfølging av hygiene, ernæring og legemiddel hos brukar for å sikre best mogleg livskvalitet, samarbeide med pårørande, primærkontaktarbeid osb. Heimetenesta gjev hjelp etter vedtak, samstundes har helsepersonell ansvar for å forløpande kartlegge endra funksjonsnivå og gje hjelp etter kvar enkelt brukar sitt behov. I tillegg vil reinhald vere ei av arbeidsoppgåvene i stillinga som helsefagarbeidar. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Heimetenesta er framtidsretta og har dei siste åra satsa på velferdsteknologi, mobilt vaktrom, mobil omsorg, digital vaktbok og andre digitale løysingar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Sertifikat klasse B
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Ønska kompetanse
- Erfaring frå arbeid på sjukeheim eller i heimeteneste
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er inspirerande og engasjert. Du kan prioritere i ein travel kvardag, men samstundes skape arbeidsglede når kvardagen vert hektisk. Som assistent er du løysingsorientert, påliteleg og fleksibel. Du har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø. I tillegg er du lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du evner å arbeide sjølvstendig, samt i team.
Vi tilbyr
- Årsturnus
- Engajserte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Del på:
Referansenummer:
Frekhaug ht
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
08.06.2023
Tiltreding:
01.07.2023
Arbeidsstad:
Frekhaug
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.alver.kommune.noAdresse:
Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø