
Er du sjukepleiar og vil arbeide på langtidsavdeling i sjukeheimstenesta?
Sjukepleiar - 100 % vikariat med 6. kvar helg
Kort om stillinga
Vi har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar i turnus med arbeid i langvakter kvar 6. helg på Lerketunet. Stillinga er ledig frå 01.08.23 til 01.08.24.
Det kan avtalast arbeid i todelt turnus kvar 3. helg i staden for langvakter 6. kvar helg.
Om Meland sjukeheim og avdeling Nordgardstunet
Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliterings behov. Vår visjon er: Omsorg med livsglede og kompetanse.
Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar som har ulike behov. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Du vil få faglege utfordringar med koplekse sjukdomsbilde, og vi ønskjer gjerne at du skal ha brei sjukefagleg kompetanse/erfaring. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar.
Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleier vil du i samarbeid med kollegaene dine være med og organiserer arbeidsdagen til beste for pasientane på avdelinga. Du arbeider godt i team, men også sjølvstendig. Du vil utfører sjukepleiefaglege prosedyrer, er med i eit tverrfaglig samarbeid og som primærkontakt får du eit tett samarbeid med pasient og pårørande.
Kompetansekrav
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test
Kven er du?
Vi søkjer etter ein fagleg dyktig sjukepleiar med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du har gode samarbeids og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.
Vi treng fleire mannlege kollegaer ved avdelinga vår, og menn vert derfor oppmoda om å søkje.
Vi tilbyr
Spennande og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Sjukepleiare i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,- over garantiløn etter Hovudtariffavtalen
Årsturnus med moglegheit for å påvirke eigen ferie og fritid
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Del på:
Referansenummer:
Lerketunet
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
10.06.2023
Tiltreding:
01.08.2023
Arbeidsstad:
Frekhaug
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.alver.kommune.noAdresse:
Kvernhusmyrane 41 5914 Isdalstø